
Golfståvo er ei av dagsturhyttene i Sveio. Hytta ligg i Sveio Golfpark.
Når du skal til Golfståvo kan du parkere ved Sveio Golfpark. Parkeringa er i enden av Leitevegen.
Det går lett kupert turveg heilt fram til hytta. Turvegen er lett å gå på, sykle eller trille barnevogn på. Hytta er universelt tilrettelagt.
Det er grusa turveg som passar for barnevogn og nokon elektriske rullestolar til hytta. Manuell rullestol er ikkje eigna.
Det er 2 km frå parkeringa og inn til hytta og det tar omlag ein halv time å gå til hytta.
Her finn du meir informasjon om dagsturhyttene på Vestlandet og korleis bruke dei. NB! Det er ikkje lov å overnatte i hyttene.
Kilde: Region Sunnhordland