Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Dagsturhytte i Sveio - Nipaståvo

Nipaståvo er den eine av dagsturhyttene i Sveio.

Nipaståvo ligg i nærleiken av Skyggjeberget, på turstien frå Stølen i Auklandshamnn mot Emberlandsnipen.


Tilkomst og gode råd

Det går sti frå Stølen i lett terreng gjennom lauv- og furuskog. Stien er god og har lett stigning.

Det er ein del våte parti på stien, så anbefalt skotøy er støvlar eller fjellsko.

Hytta ligg på omtrent 170 moh.


Lengd og tidsbruk

Det er ca 2,7 km frå start til hytta og i roleg gange tar dette ca 1 time og 15 minutt.


Fasilitetar

På Nipaståvo er det vedovn og straum. Det er også toalett i tilknyting til hytta.

Kilde: Samarbeidsrådet for Sunnhordland

0

Dagsturhytte i Sveio - Nipaståvo

Sider du nylig har besøkt