Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Dagturhytta i Austevoll - Adlesi

Dagsturhytta i Austevoll ligg ved toppen av Loddo.

Hytta har fått namnet Adlesi - noko som viser at hytta er alle si.


Tilkomst og parkering

Frå ferjekaien på Hufthamar fylgjer du fylkesveg 546 til rundkøyring og tar til høgre inn på fylkesveg 5144. Etter om lag 6-7 min til du ser skilt mot høgre inn på parkeringsplassen i Åno.

Åno er utgangspunktet for turnettverket på Loddo, der du finn dagsturhytta. Dersom du ynskjer ein lengre tur kan du også starte ved turløypa frå Vinnesvatnet, opp til Veten og vidare via Vardfjellet før du kjem til Loddo.


Turskildring

Løypa startar ved parkeringsplassen i Åno, kor du fylgjer grusvegen 1 km til løypa deler seg i tre.

Raud løype: ta til venstre i krysset og følg den grusa vegen. Etter om lag 500 m held du fram på ein bratt skogsti. 200 m frå toppen på Loddo tar du til venstre og går 100 m inn til dagsturhytta.

Orange løype: ta til venstre i krysset og følg den grusa vegen om lag 200 m før du tar til venstre i bakken. Følg skogstien fram til tretrappene mot toppen. 150 m frå toppen tar du til høgre ned raud løype der du finn dagsturhytta på høgre side av stien.

Kvit løype: ta til høgre i krysset og følg kvit løype til Loddo. Frå toppen går du ned raud løype om lag 200 m og tar inn til høgre der hytta ligg.

Lengd

Frå parkeringsplassen er det 2,3 km til hytta, og det tek ca. 30 min å gå.

Gode råd

Det er viktig at alle som besøkjer hytta tar ansvar for Adlesi. Då er det alltid triveleg å komma på besøk.

Før du går inn, tek du av deg skoa. Det er tøflar i hytta du kan låne.

Ta med deg bosset ditt heim.

Ikkje sov i hytta. Under takoverbygga er det greitt.

La hunden venta på deg ute.

Ikkje tråkk på solcellepanela.

All klatring skjer på eige ansvar.

Kilde: Samarbeidsrådet for Sunnhordland

0

Dagturhytta i Austevoll - Adlesi

Sider du nylig har besøkt