Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Uggdal

Dalen - Gjerstadstølen - Tysnessåto

Turen frå Dalen, via Gjerstadstølen til Tysnessåto 753 moh er ei flott oppleving. På toppen har du utsyn i alle retningar.

Høgde

753 moh.

Estimert tid

3 timar.  8 km.

Turkart

Tysnes 1:50 000

Startpunkt

Parkeringsplassen i Dalen

Gradering

Middels, blå

Start

Parkeringsplass ved informasjonstavle.
Først 200 m med asfaltveg, vidare nedanfor gardshus og mellom neste gardshus og løe.

Turomtale

Turen er gradert som blå løype og tek omlag 2 og ein halv time ein veg, 8 km. Høgdeskilnad er 100-753 moh. Start ved parkeringsplassen i Dalen med 200m asfaltert veg. Her passerer ein Dalen Golf. Nedom fyrste hovudhus og vidare mellom neste hovudhus og løe. Følg skogsvegen, som går over til sti, opp Kleiva, til du ser Såto. Slakt bortover til Tverrelva, over brua og gjennom eit lite skogholt så du ser Gjerstadstølen. På Gjerstadstølen finn du «høgd 333» på høgre side av stien, der kan du skriva deg inn i boka eller kvile på benkane. Frå Gjerstadstølen går stien mot nordaust. Eit lettare parti før ein går opp det bratte Tåkeskaret og sør for Nordre Støvatn.

Dei siste kneikane er bratte. Ein møter stien frå Solheimsdalen før siste kneiken opp til Tysnessåto, 753 moh, med flott utsyn i alle retningar.

Last updated: 01/29/2024

Source: Samarbeidsrådet for Sunnhordland

Dalen - Gjerstadstølen - Tysnessåto

Sider du nylig har besøkt