Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)
Tokke

Dalen Villmarkssenter

Bestill
Ørn, kjøpt fritt bruk
_DSC5354
Døli
Rovfugl
Døli
Døli
Ørner og rev - Jostein Hellevik, fritt bruk
öJostein scooter 1
_WLP0644
Kongeørn
_WLP5052
DJI_0013
(2013-07-23 23-12-36)NIKON CORPORATION NIKON D7000(4928x3264)224000936
(2009-06-25 21-37-57)NIKON CORPORATION NIKON D700 (4256x2832)

Velkomen til Dalen Villmarkssenter - naturfotografens mekka! Tett på naturen. Utleige av fotoskjul for fotografering av fuglar og dyr.  

Dalen Villmarkssenter er i hovedsak ein stad der ein kan oppleve variert villmark og verkeleg komme tett innpå både fuglar og dyr på ein unik måte. Eit liv med detaljert interesse for natur har gitt innehavar Jostein Hellevik dei beste forutsetningane til å tilretteleggje både film og fotoarenaer som er spesialkonstruert for store og minnerike opplevingar. 

I ei årrekke har naturfotografar frå både inn og utland komme til Tokke kommune og Dalen Villmarkssenter for å kunne utleve sine naturlege ønskedrømmar. 

Småbruket Døli som ligg høgt oppi fjellsida over bygda er utgangspunktet til forskjellige fotoskjul i nærområdet som er plassert i ulike nydelege naturmiljø – høgdevariasjonar og biotoper tilhøyrande ei mengde forskjellige artar fuglar og dyr.

Hos Dalen Villmarkssenter kan ein senke skuldrane og verkeleg nyte det beste naturen har å by på i desse mektige områda frå høgfjell til dei djupaste dalar. Bortimot urørte bratte fjellsider – spennande bekkestrimler i dramatisk landskap – fossefall og klipper – fargerike blomsterenger – gamle tufter fra svunnen tid – hårete gammelskog og mosedekt skogbunn blant rotvelt og biotop som lever uten menneskelig inngrep – våtområder og postkortmotiver i alle retningar. 

I desse unike villmarksområda er det noko for einkvar smak, der ein kan velge i å betjene seg sjølv på eigenhand, eller benytte dei ferdig tilrettelagte tilboda.

Hovedhensikta frå vår side, er at du smiler ved avreise og vil lengte tilbake! 

Vi kan ta imot enkeltpersonar – vennegjeng og grupper opptil 12 personar.


Kilde: Vest Telemark

Dalen Villmarkssenter

Bestill

Sider du nylig har besøkt