Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway

Fjord Norway Vestland LUSTER

Dalsdalen - Vigdalstøl

  • Dalsdalen i Luster, Luster
  • +47 57671400
  •  /  km From You
Overview
Details

Tur langs god sti til vakkert stølsområde. Vigdalstøl er ein av DNT Oslo og Omegn sine sjølvbetjente overnattingshytter. 

Stien kryssar elva ved den fråflytta garden Kilen og går noko bratt oppover lia til vårstølen Kilali. Vidare går vegen forbi Likholmyri og Likhelleren, stader som har fått namn etter strevsamme turar til gravplassen i Luster. Ved høgaste punktet på stien (740 moh) kjem du til eit stikryss der du har valet mellom fleire turalternativ vidare.

Tek du nordover frå stikryss (740 moh) og går under Storhaug, forbi Breidsete og kryssar bru over elva, kjem du til Vigdalsstølen der DNT har overnattingshytte. Frå Vigdalstølen kan du følgje kort og enkelt sti vidare ned til parkeringsplassen på Vårstølen og Vigdalen. Du kan også gå vidare mot Fast, som ligg ein dagsmarsj unna.

Historisk bakgrunn.
Vegen mellom Vigdal og Dalsdalen var tidlegare viktigaste tilkomstvegen til Jostedalen og kortaste vegen mellom Jostedalen og sjøen. Vigdalen tilhøyrde tidlegare Dale sokn, og dette var vegen folk gjekk til kyrkje. Vegen vert kalla Bispevegen etter at biskop Johan Nordal Brun reiste her då han skulle til Jostedalen på bispevisitas. Årstal og førebokstavane til bispen er hogne inn i berget nedunder Storhaug.


  • Last Updated:
  • Source: Visit Sognefjord AS

Generelt

Vanskelighetsgrad
  • Lett

Facts

Effort Level
Easy
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with TripAdvisor
Your Recently Viewed Pages