Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

GEIRANGER

Geiranger Skywalk - Dalsnibba

Europas høgste fjordutsikt frå bilveg - 1500 meter over havet. Nyt utsikta over Geirangerfjorden og snødekte fjell. Med bilveg heilt fram treng du ikkje gå eit einaste steg.

Utsiktspunktet Geiranger Skywalk finn du på fjellet Dalsnibba 1500 moh. Underlaget på Skywalken er rister omkransa av rekkverk i glas. Med eit fritt fall på omkring 500 meter og vinden som kjem opp gjennom ristene, får du kjensla av å sveve. Rekkverket av glas gir deg uhindra utsikt over fjorden, fjella, Blåbreen og Geiranger.

Opplevingane ventar på deg heile døgnet. Nyt soloppgangen eller solnedgangen over verdsarvområdet – eller stjernehimmelen om hausten.

Om vegen til Dalsnibba

Vegen opp til Dalsnibba stod ferdig i 1939 og er eit av dei mest ambisiøse vegprosjekta i Noreg. Den 5 km lange vegen med 11 hårnålssvingar og ei stigning på omkring 10 % er i seg sjølv ei oppleving og gir deg ein forsmak på kva som ventar deg på toppen!

Café og andre tenester

I Geiranger Skycafé kan du kjøpe deg lunsj og noko søtt til kaffien.

I Geiranger Skywalk Shop finn du suvenirar og klede frå lokale merke.

Geiranger Skywalk Dalsnibba er universelt utforma og tilrettelagd for personar med nedsett funksjonsevne.

Last updated: 01/29/2024

Source: Ålesund & Sunnmøre

Geiranger Skywalk - Dalsnibba

Sider du nylig har besøkt