Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Fosnavåg

Danse med skjebnen - Teatret Vårt // Fosnavåg konserthus

Book
Danse med skjebnen - Teatret Vårt // Fosnavåg konserthus

Musikalsk reise basert på låtene til Dance With a Stranger.

Vi befinn oss på ein ukjend stad ved havet. Den siste ferja har gått, men det er framleis lys i det slitne rommet. Her møtast tre menneske som søkjer seg bort og som lengtar etter noko dei ikkje heilt veti kva er.

Mannen kom akkurat for seint til avgang. Kvinna fyller opp kiosken sjølv om kundane er borte. Og ferjemannen dirigerer ei ferjekø tom for bilar. Det oppstår både humoristiske og underlege situasjonar når deira gjentekne forsøk på å reise vidare stadig vert avbrotne.

I det nedlagte venteromet har eit band blitt sitande lenge og nesten blitt ein del av inventaret. Gradvis finn dei tilbake til samspelet når dei tre ukjende kjem inn og byrjar å nøste i musikalske minne.

Danse med skjebnen er ei reise inn i eit mystisk og musikalsk univers der det kan vere uklart kva som er draum og kva som er virkelighet. Stykket handlar om små forventningar som ikkje blir innfridde, og korleis ein kan kome seg vidare når alt virkar mørkt.

Dance With a Stranger sine låtar og musikk er ryggrada i musikkteaterstykket Danse med skjebnen. Med sine folkekjære hits og tre spelemannprisar, er Dance With a Stranger ein del av nordmørsk og norsk musikkhistorie. I Danse med skjebnen er låtane gjendikta til dialekt av Eli Stålhand, og Vidar Kvalshaug har skrive ei ny fortelling.

Regi: Hanne Tømta
Tekst: Vidar Kvalshaug
Oversettelse sangtekster: Eli Stålhand
Scenografi og kostymedesign: Nora Furuholmen
Lysdesign: Jonas P A Fuglseth
Koreografi: Eli Stålhand
Musikalsk ansvarlig: Rune Tylden og Simon Revholt
Medvirkende: Eli Stålhand, Lars Melsæter Rydjord, Svein Solenes
Tangenter/kapellmester: Rune Tylden
Gitar: Øystein Sandbukt
Bass: Sindre Klykken
Perkusjon: Jo Inge Nes

Last updated: 09/07/2023

Source: Ålesund & Sunnmøre

Danse med skjebnen - Teatret Vårt // Fosnavåg konserthus

Book

Sider du nylig har besøkt