Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Tafjord

Danskehytta

  •  /  km From You
Overview

Danskehytta består av hovudhytte, sikringsbu, utedo og hus for hund og hundeeigar. Hytta er sjølvbetjent med proviant. Til saman 26 senger og stor hems. Om vinteren nyttar ein helst sikringsbua, sidan ho er mindre og lettare å varme opp. Her eget hundehus med to køyer.

Hytta vart hovudfinansiert av ei innsamling blant danske DNT-medlemmar til DNT's 125 års jubileum i 1993 - derav namnet.


Tilkome: Enklaste veg til hytta er å følgje merka sti frå Grotli (ca. 4 timar). Følg ruta nordover til fremste Vikvatnet, så langs vestsida av vatnet til hytta, som ligg 120 meter høgare enn vatnet rett aust for Reindalshola. Til Grotli kjem du deg med eigen bil eller med Nordfjordekspressen. Sjekk NOR-WAY Bussekspress for rutetider.

Alternativt kan du nå hytta frå Kaldhusseter forbi Fetvatnet og Reindalshola. Om sommaren kan du også gå opp frå Rødalen og sørover Langrabben eller fra Reindalseter.

Kart: Turkart Tafjordfjella 1:50000, eller Tafjord kartblad 1319 III. Rutetilvising UTM: MP 232867


  • Last Updated:
  • Source: Fjord Norge AS
Click to activate
Norddal, Norway
The latitude and longitude
62° 6' 16" N / 7° 31' 53" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad