Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Sogndal

De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum

Book

De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum er eit friluftsmuseum med bortimot 40 historiske bygg frå mellomalderen fram til vår eiga tid.

Velkomne til eit av Noregs største og eldste folkemuseum!

Omvising.

Bli med inn i dei gamle husa og høyr om levd liv i Sogn.
Måndag-fredag kl 13:00, juni, juli og august tilbyr vi omvising på friluftsmuseet.

Mating av dyr. Bli kjend med dyra på garden og bli med å gje dei mat i lag med bonden. Måndag-fredag kl 14:00, 23.juni- 4.august.

Museet har ulike arrangement gjennom sesongen med tradisjonelle aktivitetar, handarbeid eller gardsarbeid
Sjå heimesida eller facebook for informasjon om dei ulike arrangementa.

Gratis audioguide på norsk, engelsk og tysk.

Friluftsmuseet ligg i eit flott natur- og kulturlandskap, med slåttemarker, åkrar og beiteområde. Her er gangevegar og stiar, leikeplassar og naturløyper, som gjer det til eit attraktivt turområde både for store og små.

Store delar av kulturlandskapet på museet er knytt til 1800-talets jordbruk, og i sommarsesongen driv museet ein gard slik dei gjorde det i Sogn for omlag 150 år sidan.

Museumsgarden skaper liv i museet, og ikkje minst for borna gir husdyra museumsbesøket ein ekstra dimensjon. På garden kan de helse på dyr av eldre, lokale rasar, mellom anna kyr, sau, gris og høner. På friluftsmuseet er det lagt til rette for at born skal trivast. Her finn de ei mengde aktivitetar, leikeområde, naturløyper og eventyrskog, der born og familiar kan boltra seg og oppleve natur, kultur og levd liv i Sogn.

I museet sin store hovudbygning finn ein utstillingar knytt til jordbruk, handverk, tekstilar og klede, mat og drikke, og ei utstilling knytt til høgtidsdagane våre. Ein kan sjå gamle handverkarverkstader, gå på besøk til det gamle tannlegekontoret eller kika inn i den gamle krambua. Ei eiga utstilling for born og unge syner korleis bornas kvardagsliv arta seg på starten av 1900-talet og korleis unge sogningar hadde det i år 2000. Her er det og leike- og aktivitetsområde der borna kan prøve seg på gamle leiker.

I hovudbygningen ligg også museumsbutikken og museumskaféen vår, Kafé Heiberg. Her kan me tilby eit utval økologiske varme og kalde drikkar, forfriskingar og noko å bita i.

Last updated: 03/26/2024

Source: Visit Sognefjord AS

De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum

Book

Sider du nylig har besøkt