Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Osterøy

Den Grøne Fabrikken

Den Grøne Fabrikken ligg i sjøkanten, i eit historisk og vakkert verkstad- og naustmiljø i Mjøsvågen, på Osterøy, kun ein liten time frå Bergen sentrum.

Her kan du leige lokale for å vere saman med venegjengen, sosialt med jobben eller andre arrangement. Me tilbyr også kunstutstillingar, galleributikk, kunstverkstad for alle aldre, kurs, teambuilding, yoga, maling, matlaging og andre kreative aktivitetar. Ferdige opplegg, eller skreddersydd etter ditt ynskje.

Den Grøne Fabrikken var opprinnelig bygd som ein kisteverkstad på 1880-talet.

I 1935 brann verkstaden ned, men bygd oppatt same året. I løpet av åra har lokale vore møbelfabrikk, musikkverkstad og kulisseverkstad.

Sidan 2019 har bygget vorte renovert og framstår som ein god blanding av gamalt og nytt.  I 2023 ble fabrikken totalrenovert og har fleire rom som kan nyttast til ulike formål.

Bygningen skal brukast til aktivitetar innan kunst og kultur. Her er utstillingar, intimkonsertar, utleige av rom for å arbeide med prosjekt, utleige til private arrangement, kursverksemd, etc.

Kapasitet:
Salen: 60 personar (småbord, hestesko eller kino-oppsett til foredrag og liknande).
Stova: 25 personar (fleire lengre bord eller småbord)

Bestilling:
Kontakt Lars Magne Bysheim på epost post@dengrone.no eller tlf. 901 20 990

Last updated: 01/10/2024

Source: Visit Bergen

Den Grøne Fabrikken

Sider du nylig har besøkt