Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Stryn

Den klassiske rundturen: Stryn - Geiranger - Hellesylt

  • Perhusvegen 24, Stryn
  • +47 57874040
  •  /  km From You
Overview
Details

Den klassiske rundturen i indrefileten av fjordlandskapet. Frå Stryn via Strynedalen og Oppstryn, opp på Strynefjellet og ned til den verdskjende Geirangerfjorden. Deretter føl du ferja i ein times tid på fjorden til Hellesylt, og køyrer tilbake til Stryn via Hornindal. Turen kan gjennomførast på 3-4 timar, men vi anbefaler at du brukar dagen og stoppar undervegs.

NB! Geirangervegen er vinterstengt. Vanlegvis opnar vegen i slutten av mai, men dette avhenger av snøforholda. Vegen er vanlegvis open til november. Resten av året må du køyre via Stranda, Liabygda, Linge og Eidsdal for å kome til Geiranger.

Kart: https://goo.gl/maps/2wnXz 

Turen startar i Stryn sentrum. Stryn er kommunesenteret i Stryn kommune, og ein koseleg tettstad med mange butikkar og kafear. Stikk gjerne innom turistkontoret før du køyrer vidare.

Oppstryn har ein fantastisk natur, med glitrande vatn, og stupbratte fjell som er ein del av Jostedalsbreen Nasjonalpark. Her kan du stoppe på Jostedalsbreen Nasjonalparksenter eller Gamlebutikken på Hjelle. Hjelle er eit populært fotopunkt.

Når du startar stigninga opp mot Strynefjellet kan du ta av på Gamle Strynefjellsvegen (258) og køyre via Grotli. Denne vegen er ein av dei Nasjonale Turistvegane. Den over 100 år gamle vegen mellom aust og vest er ei oppleving i seg sjølv. Gamle handlaga murar av nøye tilhogge stein og lange rekkjer av stabbesteinar kjenneteiknar strekninga over fjellet. Denne vegstrekninga er vinterstengt og brukar å opne primo/medio juni. Legendariske Stryn Sommerski ligg rett ved vegen. Skisenteret er ope frå mai-juni/juli. Ved Grotli køyrer du vestover mot Stryn igjen.

Ved Langevatn føl du skiltinga til Geiranger. Denne vegen er vinterstengt og opnar som regel mai (2015: 13.mai, nattestengt mellom kl 22-08). Ta gjerne avstikkaren via det flotte utsiktspunktet Dalsnibba (bomveg), der du får utsikt mot fjella og Geirangerfjorden. Merk at strekninga til Dalsnibba opnar litt seinare i sesongen. Følg med på deira Facebook-side for oppdatert informasjon.

Når du nermar deg Geiranger bør du stoppe på Flydalsjuvet, eit av dei mest fotograferte stadane i Norge. God parkering.

Nede i Geiranger finn du kafear og butikkar, og her tek du ferja til Hellesylt. Denne tek omlag ein time. På Geirangerfjorden seglar du forbi kjende fossefall og høgtliggande fjellgardar. Guiding undervegs.

I Hellesylt køyrer du deretter til Hornindal. Vi anbefaler ein stopp ved Horndøla Bru som var bygd mellom 1810 og 1813. Herifrå har du ei flott utsikt mot Hornindalsrokken (1529 moh). Med sin kvasse profil er det nesten umogleg å ikkje bite seg merke i denne fjelltoppen. Her finn du også Giftesteinen/Jomfrusteinen som har ei morosam historie.  

Nede i kommunesenteret i Hornindal - Grodås - når du Hornindalsvatnet, som er den djupaste innsjøen i Europa (514 m.). Ta deg gjerne ein stopp på kafeen på tradisjonsrike Raftevolds Hotell. Deretter går turen tilbake til Stryn via RV 15, gjennom Markane, og til slutt langs den vakre Nordfjorden med utsikt mot både utover mot Nordsida og innover til fjellgiganten Skåla.

Turen kan også sjølvsagt takast andre vegen.

God tur!


  • Last Updated:
  • Source: Reisemål Stryn & Nordfjord

Generelt

Årstid
  • Hele året
  • Sommer

Plenlegg reisen

Tjenester
  • Gratis WiFi

Facts

Season
Summer
Click to activate
Stryn, Norway
The latitude and longitude
61° 54' 14" N / 6° 43' 26" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad