Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway

Fjord Norway Vestland LUSTER

Den romantiske vegen, Luster

  • Ornes, Luster
  • +47 95766385
  •  /  km From You
Overview

Lustrafjorden og den Romantiske vegen er kjent for å spele ei stor rolle under nasjonalromantikken. Når ein reiser langs denne vegen som syklist eller bilist, opplever du noko spesielt.

Du blir sjølv ein del av den romantiske tidsepoken som fann mykje inspirasjon frå den eksakte naturen og fjella rundt deg. Gjennom synsopplevingar, lukter, lydar og intim nærleik til menneske og natur. Om sommaren skiftar fargen på fjorden mellom blått, grått og grønt. Ofte irrande grønt. Det er sola og lyset som fargar møtet mellom fjordvarmen og breslammet på den måten. Grøderikdommen møter du over alt langs den romantiske vegen. 

Sjå her om du vil leige sykkel

Når du syklar eller går langs Den romantiske vegen må du reise innom UNESCO Urnes Stavkyrkje som er Norges eldste stavkyrkje. Vidare innover Lustrafjorden kjem du til den vetle bygda Kroken som er mest kjent for Munthehuset som er frå 1764. Vidare kjem du til Feigesagi, Feigum og Feigefossen som er den største fossen i Luster og som er ein populær turistattraksjon. 

Når du har vore å sett Feigefossen og syklar vidare så kjem du til Sørheim som var ein gamal adelsgard, og er mest kjent som den ekte saftbygda i Norge. Kari og Nils H. Lerum bygde safthuset i 1909. Om sommaren kan du få guida omvising på N.H. Lerums Saftfabrikk.

Siste stopp på Den romatiske vegen er Fjordbygda Skjolden som er endepunktet på Sognefjorden. 

 


  • Last Updated:
  • Source: Visit Sognefjord AS
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with TripAdvisor
Your Recently Viewed Pages