Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Leirvik i Sogn

Den Trondhjemske Postveg

Den Trondhjemske Postvei går gjennom storslått natur - langs vatn og over elver, og gjennom frodige bygder. Denne postvegen er eit levande kulturminne frå fortida.

Den Trondhjemske postvei var sentral for postgangen på ruta Bergen-Molde-Trondheim, og kvar veke mellom 1806 til 1868 vart posten sendt denne ruta. I 1868 vart vegen likevel lagt ned til fordel for vegen gjennom Vadheimsdalen. Heile 19 steinbruer vart bygde for å knytte saman postvegen mellom Dale og Leirvik, og fortsett står mange av dei som stolte og flotte eksempel på tidleg tørrmurarhandverk.

Den Trondhjemske postvei går att med fylkesveg 57, og er ei delvis merka rute. Skal du sykle Den Trondhjemske Postvei, er det anbefalt at du tek med deg terrengsykkel og godt utstyr. Berre delar av vegen er i dag mogleg å sykle på, då stien er delvis gjengrodd og har nokre bratte parti. Difor må ein nokre stadar sykle langs fylkesveg 57, og vegen egnar seg i dag best som ein fottur. Tek du fatt på Den Trondhjemske Postvei garanterast du sjansen til å oppleve eit stykke norsk historie, i tillegg til flott natur.

Last updated: 01/29/2024

Source: Visit FjordKysten

Den Trondhjemske Postveg

Sider du nylig har besøkt