Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway

Fjord Norway Møre og Romsdal ÅLESUND

Den Trondhjemske Postvei

  • +47 70165900
  •  /  km From You
Overview

Den Trondhjemske Postveg frå 1785 - delvis restaurert turveg. Postvegen kom i stand 13. mai 1785 for å få postgang mellom Bjørgvin og Nidaros via Molde. I åra som følgde vart vegnettet utbygd til standard som rideveg. Vegen kjem i sør inn i fylket frå Hornindal til Kjellstadlia, går ned til elveosen på Hellesylt der landingsplassen for båt er bevart. Postruta gjekk pr. båt mellom Hellesylt og Nedre Ljøen lenger ute i fjorden. Ny vegstrekning på land mellom Nedre Ljøen og Sløgstad på Stranda over den 800 m høge Ljøbrekka og gjennom Strandadalen. Båtetappe igjen mellom Sløgstad på Stranda og Amdam i Ørskog. Også på Amdam er postvoren å finne. Veg over land via Amdam, via Ørskog prestegard, gjennom Landedalen, over Ørskogfjellet, ned Skorgedalen og ut Brastadstranda til Vestnes. Båtetappen vidare var til Kringstad vest for Molde. Via Molde gjekk vegen langs Fannefjorden inn til Ødegård og over Osmarka/Heggem til Angvik. Tingvollfjorden vart kryssa med båt, og neste landeetappe var mellom Tingvoll og Vågbø. Stangvikfjorden var neste båtetappe med landing i Stangvik som då var eit betydeleg senter. Ridevegen vidare inn til Kvande, langs Søya og over eidet til Surnadal, vidare gjennom Surnadalen og Rindal og inn i Trøndelag.

Den Trondhjemske Postveg frå 1785 - delvis restaurert turveg. Postvegen kom i stand 13. mai 1785 for å få postgang mellom Bjørgvin og Nidaros via Molde. I åra som følgde vart vegnettet utbygd til standard som rideveg.

Vegen kjem i sør inn i fylket frå Hornindal til Kjellstadlia, går ned til elveosen på Hellesylt der landingsplassen for båt er bevart. Postruta gjekk pr. båt mellom Hellesylt og Nedre Ljøen lenger ute i fjorden. Ny vegstrekning på land mellom Nedre Ljøen og Sløgstad på Stranda over den 800 m høge Ljøbrekka og gjennom Strandadalen.

Båtetappe igjen mellom Sløgstad på Stranda og Amdam i Ørskog. Også på Amdam er postvoren å finne. Veg over land via Amdam, via Ørskog prestegard, gjennom Landedalen, over Ørskogfjellet, ned Skorgedalen og ut Brastadstranda til Vestnes.

Båtetappen vidare var til Kringstad vest for Molde. Via Molde gjekk vegen langs Fannefjorden inn til Ødegård og over Osmarka/Heggem til Angvik.

Tingvollfjorden vart kryssa med båt, og neste landeetappe var mellom Tingvoll og Vågbø. Stangvikfjorden var neste båtetappe med landing i Stangvik som då var eit betydeleg senter. Ridevegen vidare inn til Kvande, langs Søya og over eidet til Surnadal, vidare gjennom Surnadalen og Rindal og inn i Trøndelag.


  • Last Updated:
  • Source: Ålesund & Sunnmøre
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with TripAdvisor
Your Recently Viewed Pages