Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)
ESPEVÆR

Det gamle handelshuset Baadehuset

Baadehuset er eit handels- og bustadhus frå 1850-talet bygd på gamle kalksteinsmurar frå 1692.

Huset blei bygd av av skipperborgar Hans Jacob Baade frå Stavanger. Arkitekturen er påverka av engelsk byggestil og huset framstår originalt. Møblar, utstyr og bilete er tidsrette.

På loftet kan du sjå maritimt utstyr og reiskaper til bruk i jordbruket og heime.

Det pittoreske "Baades gamle kjøken" har kalksteinsmurar og peis og kan leigast til arrangement - lunsj på førespurnad.

Her er det videokanon og lerret og lokalet blir brukt til foredrag og resepsjon.

I Baadehuset er det og ei samling utstyr frå Espevær skule, som blei nedlagt våren 2020.

I opningstida er det sal av kaffi, te, is og brus.

Kilde: Samarbeidsrådet for Sunnhordland

0

Det gamle handelshuset Baadehuset

Sider du nylig har besøkt