Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway

Fjord Norway Vestland BREMANGER

Diktarstien i Botnane

  • Tongane Kystfort på vestspissen av Rugsundøy i Bremanger kommune.
  • +47 97055201
  •  /  km From You
Overview

Ti dikt av forfattaren Jan-Magnus Bruheim er gravert i stål og bolta til stein langs naturstien i Botnane.

Det er dikt han skreiv medan han budde i Botnane 1978-85. Diktarstien vart opna 18.08.2018. Han er 4,3 km lang, har seks stoppeplassar og er lett å gå.

Forfattaren Jan-Magnus Bruheim (1914-88) kom frå fjellbygda Skjåk til kystbygda Botnane 12.12.1978 og reiste attende 11.11. 1985. Bruheim hadde lenge ynskt å bu på kysten, for å oppleve andre natur- og vêrtilhøve og eit anna folkeferd. Diktinga hans fekk nye motiv og ny giv, og han gav ut elleve av 45 bøker dei sju åra han budde i Botnane.

Sjølv hevda Bruheim at Botnane var det beste som hadde hendt han. Her var han ein omtykt bygdamann og forfattar, som alle kalla Bruheimen. Fleire av dikta og bøkene hans har klåre motiv frå Botnane og kysten. For å ære både Bruheim og bygda vart det i 2018 opna ein diktarsti i Botnane.

Det er ein natursti med ti dikt av Jan-Magnus Bruheim. Seks av dei er inspirerte av konkrete emne i Botnane. Dei seks stoppeplassane på stien er merka med lilla på kartet på informasjonsskilta. Runde, lilla skilt syner veg til dikta i terrenget.

Stien er 4,3 km lang og ligg for det meste langs Frøysjøvegen (fv 577). Du kan både gå og køyre han. Av omsyn til dei som ikkje kan gå til skilt 3 og 5, er det sett opp skilt med desse dikta på der stien til dikta byrjar. Heile Diktarstien ligg mellom Jørnjorda og gravstaden.

Det heng også eit informasjonsskilt om Diktarstien i kaiskuret på Villevika, på Årebrot, for dei som kjem med båt sørfrå.

Forfattaren sjølv les
Dei åra Jan-Magnus Bruheim budde i Botnane las han inn alle dei nye diktsamlingane sine på kassett, for å sende dei til ein blind ven. Difor kan vi no høyre han lese åtte av ti dikt på Diktarstien i Botnane. Det vart alltid stilt i rommet når Bruheim las.


  • Last Updated:
  • Source: Nordfjord
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with TripAdvisor
Your Recently Viewed Pages