Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)
Florø

Domba - uthamn utanfor Florø

Vest på øya Hovden finn du uthamna Domba. Øya er ei skogbar og berglendt øy med mektig og variert naturterreng. Uthamna har ikkje innlagt straum eller vatn.

Vest på øya Hovden finn du uthamna Domba. Hamna har 30 meter med flytebrygge, plattingar og isolert grillhytte. På brygga finn du ei bu som er ope for alle. Det er fin djupne i hamna som passar fint også for seglebåtar. Det er eit trang innløp til hamna, og det kan vere noko utroleg sjø om det bles friskt. Uthamna har ikkje straum eller vatn. 

Øya Hovden er ei skogbar og berglendt øy som består av Venosk sandstein og konglomerat. Øya har eit mektig og variert naturterreng. Hovden er berglendt med atlantiske lyngheiar, fjellvatn og kulturlandskap. Følg Nordsjøløypa til tre merka turval; Kittang, Kvanhovden fyr og Hovden. Det er også kort veg til helleristningar frå Domba. Ønskjer du å reise med rutebåten til Florø kan du gå over fjellet til Barekstad. 

Kilde: Visit FjordKysten

0

Domba - uthamn utanfor Florø

Sider du nylig har besøkt