Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Stadlandet

Dragseidet

  •  /  km From You
Overview

Dragseidet er det lågaste fjellpasset over Stadhalvøya. For å sleppe å segle det verharde Stadhavet, har sjøfarande frå forhistorisk tid drege båtane over det låge Dragseidet, derav namnet. Skipa vart dregne over rullande stokkar, og framleis kan ein sjå far etter den gamle slepa der båtane vart dregne.

Saman med den gamle ferdslevegen over Filefjell, var denne vegen over Dragseidet dei første offentlege vegane i fylket. Dei vart kalla ?
"tjodvegar" fordi ein ryttar skulle kunne halde eit spyd (tjod) med to vidjeringar ute på kvar ende på tvers over salen når han reid. Då skulle vegen vere rydda så brei at vidjeringane ikkje vart ruska av.

Tvangskristna av kongen
Olav Tryggvason samla i 977 bøndene frå Sygna, Firda, Sunnmøre og Raumsdal fylke til ting på Dragseidet. Med ein stor hær i ryggen, baud kongen dei frammøtte å bli kristna, eller å halde slag med han. Bøndene såg at overmakta var for stor, og let seg tvangskristne. På Kongshaugen midt i skaret vart det i 1913 sett opp ein stor steinkross til minne om hendinga i 997.

Historisk spel
Kong Harald V var i 1997 til stades ved 1000-årsmarkeringa på Dragseidet, i spissen for eit stort tal prestar og eit publikum på 10.000 menneske. Der vart m.a. historiespelet "På sverdeggja" av Rolf Losnegård framført. Spelet har kvart år sidan vorte framført på utescenen ved den historiske staden der den første større kristininga i Noreg fann stad i 997.


  • Last Updated:
  • Source: Reisemål Stryn & Nordfjord
Click to activate
Selje, Norway
The latitude and longitude
62° 6' 30" N / 5° 16' 54" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad