VIKTIG! Les denne informasjonen om Koronaviruset og reising i Norge
Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway

Fjord Norway Vestland KINN

Draumeweekend i Florø

  • Hamnegata 7, Kinn
  • +47 57757575
  •  /  km From You
Overview

Opplev småbyidyllen i den sjarmerande kystbyen Florø, senk skuldrane og kople ut med denne pakken frå Quality Hotel og Kinn Bryggeri. Omkransa av den vakre skjergarden med sine små og store øyer i havgapet er moglegheitene mange for aktivitetar med eit maritimt preg. Quality Hotel har ei nydeleg plassering i vasskanten av kystbyen Florø som gir ei storslagen utsikt over fjord og fjell. Her vil du få den ideelle atmosfæren for ei avslappande helg! 

BESTILL HER
E-post til: q.floro@choice.no
​​​​Tlf: 57 75 75 75

HØGDEPUNKT
- 3-retters middag med lokalt preg 
- Øl planke på Vesle Kinn 
- Småbyidyll i den sjarmerande kystbyen Florø 

PROGRAM
Fredag 
Innsjekk 
18.00 - 22.00 Skalldyrtallerken på Restaurant Bryggekanten (Gje beskjed til resepsjonen kvar tid de ønskjer middag) 

Laurdag
18.00 Ølfjøl på Vesle Kinn. Vesle Kinn er Kinn Bryggeri sitt testbryggeri og ølkafé. På Vesle Kinn kan de kikke inn i gjæringsrommet, sitte blant eikefat fylte med øl og prøve ei smaksplanke med 4 forskjellige Kinn-øl.​​​​​​

18.00-22.00 3-retters meny på Restaurant Bryggekanten (Gje beskjed til resepsjonen kvar tid de ønskjer middag) 

Søndag
Frukost
Nyt ein sein utsjekk slik at du kan utforske meir av Florø før du reiser. Vi anbefaler desse aktivitetane: 
- Besøk Kystmuseet mellom 12.00 - 15.00 
- Ta ein rundtur i den vakre skjergarden med rutebåt 14.30. Rutetider finn du på Fjord1.no
- Gå deg ein tur rundt ein av dei flotte turløypene i byen. Bykart får du i resepsjonen. 

PRISAR
Lengde på opphald: 2 netter
Sesong: Heile året, fredag – søndag
Inkludert i pakken: 2 netter på Quality Hotel Florø, ølsmaking med 4 ulike øl og 3-retters middag med lokalt preg på Restaurant Bryggekanten.   
Pris: 2395,- per person
Tillegg for enkeltrom: 300,- 

MENY PÅ RESTAURANT BRYGGEKANTEN
Fredag
Skalldyrtallerken og søtsak til kaffen

Laurdag
Ukas kvite fangst
Pastinakkrem-rødbetchips-soya og nøttesmør
---
Hjort frå Svanøy
Beter-sopp-jordskokk
Syrleg viltkremsaus
---
Sjokolade og tindved
Sjokolademousse-tindvedcurd-sprø tuille. 

Nordic Choice Hotels følger restriksjonene og rådene til nasjonale helsemyndigheter for å minimere spredning av Covid-19 og gjør vårt ytterste for at det skal være sikkert for deg som gjest å bos hos oss.

BESTILL HER
E-post til: q.floro@choice.no
​​​​Tlf: 57 75 75 75

REISE TIL FLORØ
Frå Bergen
Med rutebåt: Ta ekspressbåt frå Strandkaiterminalen i Bergen til Florø. På norled.no kan du kjøpe billettar til ekspressbåten. Det er 3 minutt å vandre frå Florø kai til Quality Hotel Florø. Sjå en-tur.no for rutetider ved å leggje inn "Frå: Strandkaiterminalen, Bergen" og "Til: Florø kai". 

​​​Med fly: Reis med fly frå Widerøe i 30 minutt frå Bergen til Florø. Ta taxi (5 minutt) eller buss (10 minutt) frå Florø lufthamn til Quality Hotel Florø i sentrum. Sjå en-tur.no for rutetider for kollektivtransport ved å leggje inn «Frå: Bergen lufthavn» og «Til: Flora samfunnshus». Du kan kjøpe flybillett på wideroe.no. Bussbillett kjøper du om bord i bussen.

Frå Oslo
Reis med fly frå Widerøe i 1 time og 10 minutt frå Oslo til Florø. Ta taxi (5 minutt) eller buss (10 minutt) frå Florø lufthamn til Quality Hotel Florø i sentrum. Sjå en-tur.no for rutetider ved å leggje inn «Frå: Oslo Lufthavn» og «Til: Flora samfunnshus». Du kan kjøpe flybillett på wideroe.no. Bussbillett kjøper du om bord i bussen.

Frå Askvoll
Ta ekspressbåt frå Askvoll til Florø. Det er 3 minutt å vandre frå Florø kai til Quality Hotel Florø. På norled.no kan du kjøpe billettar til ekspressbåten. ​​Sjå en-tur.no ​​​​​​for rutetider ved å leggje inn "Frå: Askvoll kai, Askvoll" og  "Til: Florø kai". 

​​​Frå Kalvåg
Ta buss frå Kalvåg til Smørhamn, ekspressbåt frå Smørhamn til Florø. Bussbillett kan kjøpast om bord i bussen, og billett til ekspressbåten kan kjøpast på norled.no.  Det er 3 minutt å vandre frå Florø kai til Quality Hotel Florø. Sjå en-tur.no for rutetider ved å leggje inn "Frå: Kalvåg Knutholmen" og "Til: Florø kai". 

BESTILL HER
E-post til: q.floro@choice.no
​​​​Tlf: 57 75 75 75


  • Last Updated:
  • Source: Visit FjordKysten

Price

Description Price*
Pr.person i dobbeltrom Dobbeltrom per person fredag - søndag 2395,00 2 døgn
* Price from
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with TripAdvisor
Your Recently Viewed Pages