Dynamic Variation:
Book
Norway Now
Choose Language
Search & Book
Search
or search all of Norway
Eastern Norway Hardangervidda Vinje

Dyre Vaa-samlingane

  • Dyre Vaa-samlingane, Vinje
  • +47 35 06 90 90
  •  /  km From You
Overview
Details

Samlingane presenterer eit mangfald av skulpturar, maleri, grafikk og teikningar av bilethoggaren Dyre Vaa.

Samlingane presenterer eit mangfald av skulpturar, maleri, grafikk og teikningar av bilethoggaren Dyre Vaa. Også Tor Vaa, son av Dyre, er representert med ei eiga avdeling i tillegg til biletkunstnaren Svallaug Svalastoga. Dyre Vaa (1903-1980) Ved sida av Gustav Vigeland er Dyre Vaa den bilethoggaren som i sterkast grad har prega norsk skulpturmiljø. Ingen annan bilethoggar har vunne så mange tevlingar som han. Dyre Vaa vaks opp i Kviteseid, men flytte til Rauland tidleg i 1930 åra. Det var mange kunstnarar i Vaa slekta, lyrikaren Aslaug Vaa var den eldste systera, og forfattaren Tarjei Vesaas og komponisten Eivind Groven var tremenningar. Dyre Vaa gifte seg med Thora Bojer, dotter av forfattaren Johan Boler. Thora hadde bl.a. bakgrunn som kunsthistorikar, og ho vart nytta som kritikar, rådgjevar og modell. Familien budde og i periodar i Asker. Dyre Vaa debuterte på Haustutstillinga allereie som 20-åring, og vart då kjøpt inn til Nasjonalgalleriet. "Mennesket møter naturen" er tittelen på fire store figurar på Ankerbrua i Oslo. Det var medan han arbeidde med desse på 1930-talet at han flytte til Rauland, og der vart han buande resten av livet. Andre kjende arbeid er "Ulvane" på Alexander Kiellands plass i Oslo, "Sjømannsmonumentet" i Bergen, "Holberg-monumentet" ved Nasjonalteatret og "Svanene" ved Oslo Rådhus. Det er usikkert kor mange kunstverk Dyre Vaa har produsera. Noko er øydelagt og noko forkasta han sjølv. Truleg er det 250 skupturar og byster, kanskje 1000 maleri og 31 litografiar. Vinje kommune fekk dei fleste gipsfigurane av Dyre Vaa i 1970-åra. I museet kan du sjå mykje av hans arbeid, både skulpturar, maleri og teikningar. Tor Vaa (1928-2008) Tor Vaa vart fødd i Oslo i 1928 og vaks opp på Rauland i Vinje saman med foreldra Thora og Dyre Vaa og fem sysken. Då Tor var 18 år gammal starta han som elev hjå far sin. Seinare studerte han ved Akademiet i Oslo og Akademiet i København. I tillegg hadde han mange studiereiser i Europa, også saman med faren Dyre Vaa. Tor Vaa arbeidde mykje med tolking av naturen, gjennom skulptur, relieff, teikningar og maleri. I 1949 og 1961 fekk han Statens Kunstnarstipend og i 1951 stipend frå Fondet for dansk-norsk samarbeid. Frå 1979 hadde han Statens garantiinntekt og frå 1990 Vinje kommunes kunstnarløn. Tor Vaa var berre 19 år gamal då han debuterte på Haustutstillinga, med eit portrett i kleberstein av systra Anne Joronn, kalla "Gunga". Han nytta gjerne syskena sine som modellar. Andre høgt akta verk av Tor Vaa er mellom anna skulpturen "7 år", omtalt som ein av dei finaste barneskulpturane i landet, og ein skulptur av Henrik Wergeland laga for Katedralskulen i Oslo i samband med skulen sitt 800-årsjubileum.

Svallaug Svalastoga  (1920- 1978)

Svallaug Svalastoga er best kjend som grafiker, og fann tidleg fram til tresnittet. Bileta hennar tek utgangspunkt i naturen og motiva er ofter blomar og dyr som er basert på grundige studiar i naturen og i dyrehagane i København, Roma og Paris.

I seinare år budde ho i Lofoten og motiva her skildrar fjellformasjonar, holmelandskap med fuglar og steinar. 

Utdanna ved Statens Håndverks og Kunstindustriskole, Oslo 1945–48, 1956–57; Statens Kunstakademi, Oslo under Aage Storstein 1948–51.

Ho har hatt separatutstillingar og deltatt i gruppeutstillingar  frå India, Sør Amerika, USA, Italia og mange plassar her i landet.  Innkjøpt av m.a. Nasjonalgalleriet, Bergen Billedgalleri, Lårdal bygdemuseum (VTM), Statens Museum for kunst, København og The Dittman Coll. og Oregon State University Coll., USA

I 1960 mottok ho Grafikerprisen.

Familien gav delar av samlinga etter henne til Vinje kommune.

Museet er ope i sommarsesongen. Det er ikkje kortterminal på Dyre Vaa men det er mogleg å gå ned til Skinnarlandssamlinga og betale med kort. Ta kontakt med Vest-Telemark Museum for gruppeomvising utanom sesong.

E-post: post@vtm.no Tlf: 35069090


  • Last Updated:
  • Source: Vest Telemark

Overnatting

Hotellfasiliteter
  • Familievennlig

Planlegg reisen

Tjenester
  • Familievennlig
  • Gratis WiFi

Aktiviteter

Fornøyelsesparker
  • Familievennlig

Opening hours

1. jan 2017 - 31. des 2017: man tirs ons tors fre lør søn 00:00 - 23:59
25. jun 2017 - 15. aug 2017: tirs ons tors fre lør søn 11:00 - 17:00
See All
Click to activate
Vinje, Norway
The latitude and longitude
59° 41' 43" N / 8° 3' 7" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad