Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

FJELBERG

Dyrnes feriehytte - Borgundøy

Dyrnes feriehytte - Borgundøy

To koselige hytter ved sjøen, identiske og kvar med plass til 6 personar. Hyttene har ein etasje, er elektrisk oppvarma, vinterisolert og har god standard.  Ligg på Dyrnes garden på den sydaustlige sida av Borgundøy.

Fjord Ferie Feriehus - Borgundøy

2 koselige hytter ved sjøen, identiske og kvar med plass til 6 personar. Hyttene har ein etasje, er elektrisk oppvarma, vinterisolert og har god standard.  Ligg på Dyrnes garden på den sydaustlige sida av Borgundøy.

Svært roleg og fredeleg stad i eiga bukt, dette er rett og slett eit paradis for sportsfiskarar eller ein roleg familie- og fiskeferie. Her er det ingen trafikk, masse frisk luft og fantastisk ro. Flott uteplass med terrasse, utemøblar og grill.

God parkering. Hytte 1 er den første (med parabol på bildet) og den andre hytte 2. Utsikt mot øst og mot Skånevik. Felles molo, brygger og fileteringsbord med lys/ vann.

Variert flott naturterreng med gode sopp og bærplasser. Borgundnuten ligg som ein juvel midt i fjordlandskapet i Sunnhordland. Opp her går det fleire merkede turløyper og utsikten på toppen er fantastisk.

Hyttene kan leies på døgnbasis og uavhengig av fast skiftedag.

Last updated: 09/11/2023

Source: Samarbeidsrådet for Sunnhordland

Dyrnes feriehytte - Borgundøy

Sider du nylig har besøkt