Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Seljord

Dyrskuplassen

  • Nordbygdivegen 60, Seljord
  •  /  km From You
Overview

Dyrskuplassen er ein av dei best utbygde arrangement plassane i landet med gode campingareal, grøntområde, smågater og gardstun.

Plassen ligg midt i dalen omkransa av mektige fjell, og i gåavstand til handelssentrum og fine badestrender ved Seljordsvatnet.

Når plassen er fylt opp med yrande folkeliv, spanande aktivitetar og gode program, ja då er det mange som får gode opplevingar og minne for livet, som gjer at dei kjem tilbake år etter år.


Dyrskuplassen inneheld 
o 120 mål inngjerda areal som er planlagt utvida til 145 mål
o 4 store hallar 
o 10 hus av ulik storleik og innhald
o Gamalt gardstun
o Hovudscene omkransa av gamle båsrekker frå 1866
o Utstillingsområde og båsar for husdyr 
o Kurs- og konferanselokalitetar 
o Ridebanar med tribuneanlegg 
o Gardsmatutsal 
o Storstogo servering – ny kafeteria med kapasitet på 100 personar 
o Scenekafe – kafeteria med kapasitet på 120 personar
o Hovudmatutsal – stort matutsal med sitteplassar ute, herav 100 sitteplassar under tak.
o 5 kioskar/gatekjøkken
o2 permanente billettportar med fleire billettluker
o Leikeplass - inngjerda område med leikeapparat
o Infrastruktur med:
- godt utbygd vegnett – både asfalt og grus
- store grønområde med bord og benkar
- sanitærkapasitet for store arrangement
- store parkeringsområde på utsida av plassen

Arrangementstenester

Dyrsku’n Arrangement har gjennom mange år opparbeida god arrangementskompetanse både på planlegging og gjennomføring av arrangement. Vi tilbyr arrangementskompetanse til våre leigetakarar dersom det er ønskjeleg. Vi kan også formidle telt og arrangementsutstyr, og elles legge forholda til rette for å kunne gjennomføre gode arrangement.


Desse arrangementa blir mellom fleire andre haldne på Dyrskuplassen: Seljordfestivalen, Countryfestivalen, Maran Ata, Pinsestemnet for islandshest.


  • Last Updated:
  • Source: Vest Telemark
Click to activate
Seljord, Norway
The latitude and longitude
59° 28' 38" N / 8° 36' 51" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad