Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)
Ulsteinvik

Eg spelte fløyte // Sjøborg kulturhus i Ulsteinvik

Bestill

Eg spelte på fløyte er eit kyrkjebakkespel, lagt til Ulstein gamle kyrkjestad på1840-talet.

Spelet byd på eit mangfald av episodar som alle kunne vere sanne, med gapestokk, drama og romantikk. Det er eit spørsmål om å leve med: Å gråte med dei syrgjande og danse med dei glade, her i ytre strok. Tematikken i spelet kjem frå Matt. 11,16-19: Om å spele på fløyte, der ingen ville danse- om å synge klagesongar der ingen ville sørgje eller gråte. Dette opnar for mange slags livssituasjonar på same kyrkjebakke. Vi møter: Johannes fiskar, Sota-Hans (demonen i stykket), Berte Kanutte Aarflot, Hulda/Torfinn (ungt par), «broren», klokkaren, Ezekiel (ein sjølvbestalta profet-skikkelse), Oluffa/Olina (gjennomgangsfigurar og tolkar-rollar i spelet), ein haugianar, og nokre små birollar. Musikken er skreven av Henning Sommerro til dette spelet, og manuskriptet skreve av Jan Ove Ulstein. Aktørar: Damekoret CorSonos, Gerd Vik Flø, Kristin Sundgot Ottesen, Ole Sande, Sigurd Myrene, Øyvind Christiansen, Aurora Bjerkvik, Øyvind Havåg, Ingrid Nerhoel, Trygve Sætre, Lasse Holstad og Stig Grimstad. I tillegg eit orkester leia av kantor Ståle Helvig Regissør: Dagfinn Olav Bye

Kilde: Ålesund & Sunnmøre

0

Eg spelte fløyte // Sjøborg kulturhus i Ulsteinvik

Bestill

Sider du nylig har besøkt