Byrkjelo

Eggenipa

  • Spiss fjelltopp ved ein stille fjord med klår spegling, små bygder langs stranda og skyer på himmelen..
  • Snødekt, spiss fjelltopp med mørke fjellsider og skogkledde skråningar under ein lys, blå himmel..
  • Luftfoto av grøne åkrar og ei slyngande elv i ein dal, med høge fjell på begge sider under klar himmel..
  • Eit fjellandskap med dal og grøne jorder spegla i ei roleg innsjø under klar blå himmel..

    Eggenipa er med sin eigenart, ein av dei mest fotograferte fjellformasjonane i Vestland. Med si spisse og karakteristiske form har fjellet vorte eit ikon for fotografar og turfolk.

    Fjelltur til Eggenipa er ei av dei mest populære naturopplevingane i området rundt Byrkjelo.

    Fjellet ruvar 1338 m.o.h., og opplevingane er store og majestetiske. På turen til Eggenipa ventar storslått utsikt, variert terreng og mange høgdemeter – ei klassisk fjelloppleving i Vestland.

    Sett frå Byrkjelo står Eggenipa stram og høgreist ved inngangen til Våtedalen. Turen opp er enklare enn ein kanskje skulle tru. Frå parkeringa i Øvredalen er det ei bratt kneik opp på ryggen, og derfrå går det klyv i klyv langs ein overraskande brei fjellrygg. Ved varden på toppen av Eggenipa kan ein nyte den luftige kjensla og den vide utsikta over Nordfjord-området.

    Turen tek om lag 2,5 timar opp. Start i Øvredalen – bomveg frå Egge, ca. 3 km sør for Byrkjelo. Kryss brua over elva og følg merka sti opp mot ryggen. På om lag 850 moh. kjem ein opp på ryggen og over tregrensa. Herifrå går stien vidare oppover, med nokre parti med klyving. Nokre stader på dei bratte partia fins det kjetting å halde seg i. På toppen av Eggenipa er det flott utsikt til Jølster, Bergheimsvatnet og mot Jølster.

    Kva bør du ta med?
    ● Gode tursko eller fjellstøvlar – tilpassa vêr-og føre
    ● Niste og drikke
    ● Vindtett jakke – det kan vere kaldt og blåse på toppen

    Vêr- og føreforhold kan endre seg raskt, så det er viktig å vise omsyn, bruke sunn fornuft og tilpasse turen etter eigne ferdigheiter.

    Kilde: Nordfjord