







Utforsk kunsten til Ludvig Eikaas, ein av etterkrigstida sine mest banebrytande kunstnarar.
På Eikaasgalleriet kan du sjå nokre av dei 850 verka som speglar Eikaas sitt mangfaldige uttrykk – frå tresnitt og måleri til skulptur og grafikk. Han var kjent for utforskinga av modernismen, der form, farge og komposisjon stod i fokus.
Galleriet, ligg vakkert plassert ved Jølstravatnet rett ved E39. Vi inviterer deg til å dykke inn i kunsten til Eikaas og andre aktuelle kunstnarar.
For familiar er det moglegheit for både læring og leik i dette inspirerande kunstlandskapet.
Sesongen 2025 og 2026 kan du oppleve utstillinga “Livnerven - frå stove til atelier” på Eikaasgalleriet. Her vil du møte fleire skikkelsar innanfor vev- og heimeyrketradisjonane i Jølster - og koplingane vidare ut av stovene. Koplingar som har vore viktig for sysselsetting, men ikkje minst for kreativitet til samarbeid og bulyst. Lagnsmed føl vi Ludvig eikaas sine observasjonar og komposisjonar.
I kaféen kan du nyte ein is, vaffel og kaffi. Nyt serveringa på terrasen med utsyn til fjella.
I butikken kan du handle kort og andre gåveartiklar – eit perfekt minne frå besøket.
Omvising av grupper må tingast på førehand på tlf +47 99 20 26 76 eller e-post: [email protected].
Rørslehemma har tilgang til galleri og kafé med trinnvis adkomst. Uteområdet har avgrensa avgang for rullestolbrukarar. Toalett for rørslenedsette og andre i kaféen.
Museet er ope frå mai til september, og ved arrangement. Besøk nettsida for detaljerte opningstider.
Berre 20 km frå Eikaasgalleriet så finn du Astruptunet – heimen til ein av Noreg sine mest kjende kunstnarar, og opplev landskapet som inspirerte dei ikoniske måleri hans.
Accessibility information
Kilde: Visit FjordKysten og Sunnfjord