Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway

Fjord Norway Vestland KINN

Eikefjord

  • +47 57743000
  •  /  km From You
Overview
Details

Den idylliske bygda Eikefjord byr på flotte naturopplevingar og flotte aktivitetar som ein kan delta i, eller gjere på eige hand. Ideell for både born og vaksne.

Eikefjord er ei idyllisk bygd ca. 2,5 mil aust for Florø. Bygda er den nest største tettstaden i Kinn kommune, og er eit viktig bygdesamfunn. Området rundt Eikefjord er velegna og fint for friluftsliv og rekreasjon. Ikkje langt unna ligg Ramsdalsheia, som er rekna for å vere skieldoradoet for Florøfolk. Like ved Eikefjord sentrum ligg badeplassen fin og innbjudande. Ideell for både born og vaksne. Men òg områda rundt, til dømes Osen og Holmesund, er små og hittil ukjende idyllar ved vatn og fjord.

VANDRING VED EIKEFJORD
Mange forbind det gode liv i Eikefjord med alle aktivitetane som ein kan delta i eller gjere på eiga hand. Naturen ligg rett utanfor døra og ventar berre på å bli tatt i bruk. Her er sjøen med gode fiskemuligheter, skogen for rekreasjon og fjellet for den som søker høgda. Turar i fjellet er ein svært populær aktivitet i Eikefjord, som også er plassert sentralt i eit område som har mange gode tilbud til dei som vil ha ei aktiv fritid eller ein aktiv ferie. Fjella rundt Eikefjord er lett tilgjengeleg og det er mange ruter som fører opp til fantastiske utsiktspunkt. På Blånipa som er det høgaste fjellet i regionen har ein utsikt frå Ålfotbreen i nord, Jostedalsbreen i aust, fjella syd om Sognefjorden og øyriket utanfor Florø. På klare dagar kan ein sjå helt ut til oljeinnstalasjonane i Nordsjøen.
AUSEVIKA
Ca. 10 minutts køyretur frå Eikefjord finn du Ausevika, eit av Noregs største helleristningsfelt. Her er det tilrettelagt for besøkande på eiga hand med informasjonstavler, gangveg og toalettfasilitetar. 
OVERNATTING 
Ønskjer du å overnatte i Eikefjord finn du Stavang Rorbuer i Stavang. Her kan du leige rorbuer i eitt koselig sjøhusmiljø. Stavang ligg omkransa av vakre øygrupper, med gode solforhald og med ein fantastisk sjøutsikt, mellom massive fjell og vakre øyar, ca. 20 minutt frå Eikefjord. 

 


  • Last Updated:
  • Source: Visit FjordKysten

Generelt

Årstid
  • Høst

Planlegg reisen

Reiseinformasjon
  • Gjesteparkering
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with TripAdvisor
Your Recently Viewed Pages