Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Bjordal

Eikeneset Feriehytte

Ikjefjorden ligg idyllisk til ved verdas vakraste blindveg og er eit godt utgangspunkt for dagsturar langs kysten. Her står kulturlandskapet høgt i fokus.

Velkomen til verdas vakraste blindveg, og til den idylliske hytta like ved Ikjefjorden. Ikjefjorden ligg midt i mellom Bjordal, Brekke, Matre og Lavik og ligg utanfor allfarveg. Her held dei lokale fokus på kulturlandskapet. Ikjefjorden er eit idyllisk område med gode fiskemoglegheiter i sjø og ferskvatn. Her finn du flotte fjellturar for dei spreke, og vandring i bygda for mosjonistane. Ikjefjorden er eit godt utgangspunkt for dagsturar langs kysten.

Eikneneset Feriehytte har 3 soverom der to rom har dobbeltseng, og eit rom har ei enkeltseng, bad og kjøkken/stove. Hytta har og vedomn, TV, vaskemaskin, oppvaskmaskin og grill/bålpanne. Det er også mogleg å leige båt, sjølv om du ikkje bur på hytta. 

Last updated: 01/29/2024

Source: Visit FjordKysten

Eikeneset Feriehytte

Sider du nylig har besøkt