Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Luster

Eikum Hotell

Langt inne i den lengste og flottaste fjorden i Europa, Sognefjorden, finn du Eikum Hotell, sentralt plassert ved idylliske Hafslovatnet.

Eikum Hotell og Hafslo er eit glimrande utgangspunkt for mektige naturopplevingar, med Jostedalsbreen og Sognefjorden som næraste naboar. 

Eikum Hotell er eit familiehotell, og det er 4. generasjon som eig og driv hotellet no. Hotellet har vore i same familie i over 100 år, og legg vekt på god mat, personleg service og eit heimekoseleg miljø.

Eikum er ein roleg og diskret stad for møter, kurs og konferansar. Me har eigen hage, der ein kan skaffa seg energi og henta seg innatt i pausane, langt vekk frå stress og mas. Møtesalane våre har kapasitet til 60 og 100 personar, og me tilbyr standard teknisk utstyr som ein del av møteromsleiga.

Frå hotellet kan ein ta dagsturar til Solvorn, Urnes Stavkyrkje og Veitastrond. Den populære fjelltoppen Molden er kun ein liten køyretur på 10 minuttar frå hotellet, og utsikta frå toppen er noko av det finaste ein finn på Vestlandet.

Eikum Hotell har og ei privat badestrand "Smeagarn" som ein finn ca. 1 kilometer frå hotellet som er open for hotellet sine gjester, her har me utleige av kano og båtar. Har og utleige av El-syklar. 

Om vinteren er me behjelpelege med organisert skitur med og utan guide. Med utgangspunkt frå Sogn Skisenter på Heggmyrane, kan ein køyra på ski nedatt frå skibakken, og skli heilt fram til trappa på Eikum. Deretter kan ein samla folket for ein after-ski i hagen til hotellet.

Last updated: 02/29/2024

Source: Visit Sognefjord AS

Eikum Hotell

Sider du nylig har besøkt