Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Sveio

Einstadbøvoll Gard

  • +47 53748000
  •  /  km From You
Overview

Denne særprega garden har røter tilbake til 1500-talet. Gardsnamnet blir skrive og tolka på ulike måtar, både Einstadbøvoll og Einstapevoll er i bruk.
Historia til garden slik han ser ut i dag, starta i 1816. Då overtok den danskfødde prestesonen Ole Georg Olsen drifta. Han blir skildra som ein svært nevenyttig mann med mange interesser, og eit oppfinnargeni. Ole Georg fann skifer i fjellskråningane ved garden, og slik fekk han både pengar og materiale til å byggja opp garden. Han trekte til seg dyktige arbeidsfolk frå mange kantar av landet.

Garden voks fram som eit kunstverk med bygningar med helletak, og parkanlegg med murar og sjeldne planter. Inspirasjonen til bygningane henta Ole Georg frå Spania, der han hadde vore i 6 år under Napoleonskrigen.

Gardsanlegget er bygt opp symmetrisk rundt ein akse frå våningshuset med terrassar foran, gjennom hagen og vidare nedover enga. Våningshuset er bygt i tre, medan alle dei andre bygningane er av stein. Alle bøgardar er murt av stein frå helleberga, i omlag 180 cm høgd, og hellelagt på toppen. På det meste var det i alt 20 bygningar på eigedomen. No står 18 att. Garden vart freda i 1923. Den har vore i familien Blytt sin eige sidan 1929. Garden er i aktiv drift med mellom anna mjølkeproduksjon. Tre generasjonar av familien Blytt bur i tunet.

Bygningane er i privat bruk og ikkje opne for publikum, men ein kan følgja vegen gjennom garden og ned til sjøen. Ein fin rundtur startar ved Einstadbøvoll skule, følgjer vegen gjennom gardstunet ned til sjøen, vidare til Valevåg ferjekai. Herfrå kan ein gå langs vegen til Valo med kunstnar huset Valenheimen (heimen til komponisten Fartein Valen (1887-1952), og tilbake til Einstadbøvoll

Tunet er i privat eige og omvisning skjer etter avtale med eigar på telefon 53 74 22 34.


  • Last Updated:
  • Source: Samarbeidsrådet for Sunnhordland
Click to activate
Sveio, Norway
The latitude and longitude
59° 32' 31" N / 5° 21' 6" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad