Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Naustdal

Ekreskogen Hytter

  • Horstad, Naustdal
  • +47 90975570
  •  /  km From You
Overview

Vi har tre flotte heilårshytter til utleige, plassert i utkanten av gardstunet vårt. Hyttene har opptil seks soveplassar og inneheld stove med kjøkkenkrok, to soverom, bad med dusj, bod med stor frysar og overbygd balkong.

Hyttene vart renovert i 2008, med oppgradert og behageleg innreiing, utstyrt med oppvaskmaskin, flatskjerm, parabol og trådlaust breiband, samt gassgrill på altanen. I tillegg har vi DVD-spelar til utlån og moglegheit for klesvask i maskin mot gebyr.

Hyttene ligg i landbrukskommunen Naustdal, midt mellom Førde og Florø, og har flott utsikt over den velkjende lakseelva Nausta som vi sel fiskekort til. Her er flott gardsmiljø, turterreng og området er eit fint utgangspunkt for dagsturar med bil til attraksjonar i heile Sogn og Fjordane. I tillegg har dalen lysløype for skigåing om vinteren.

Vi har tilrettelagt for både småbarnsfamiliar og fiskarar, for dei som berre treng avslapping eller berre husly.


  • Last Updated:
  • Source: Visit Sognefjord AS
Click to activate
Naustdal, Norway
The latitude and longitude
61° 32' 32" N / 5° 46' 59" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad