Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)
Aurland

Eldhuset Undredal

På Eldhuset får du ein presentasjon i ord og tonar om tradisjonar kring stølsdrift, ysting av geitost og mogning av kvit geitost.

Næringa som har tradisjon for å pleie kulturlandskapet gjennom aktiv bruk av fjellområder i Verdsarvområdet. Visningssenter for Undredalsosten med presentasjon av tradisjonelt ystemiljø, som tidlegare var vanleg på stølar. Mogning av kvit geitost har brei plass i senteret.

Program i ord og tonar om tradisjonane med stølsdrift og bruk av fjellområdet, ysting av geitost og mogning av kvit geitost, og ein tradisjon for å pleie kulturlandskapet gjennom aktiv bruk av fjellområdet midt i hjartet av Nærøyfjorden Verdsarvområde.

Kapasitet program: 40 pers.

Servering av ein enkel smaksmeny av kvit og brun geitost frå Undredal, spekepølse av geitekjøt, heimelaga flatbrød, rømme, moltesyltetøy og lokal fruktsaft.

Tid: 30-45 min. gruppeservering på uteområdet: 80 pers.

Kveldsarrangement med konsertar og bryggedans, kapaitet 300 pers. Lukka "kveldsete" med servering/grilling, program og dansemusikk etter avtale.

Opningstid er kl 11:00 – 21:00 kvar dag, med utvida opning etter avtale og arrangement.

Ostesmaking kvar dag kl. 18:30

Kilde: Visit Sognefjord AS

0

Eldhuset Undredal

Sider du nylig har besøkt