Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Bygland

Elgtun på Landeskogen - nærkontakt med skogens konge

  • Landeskogen, Bygland
  •  /  km From You
Overview

Ved Landeskogen i Bygland kan du få nærkontakt med elg. Her bur dei fire elgane Olga og Orvar som kom til Elgtun i september 2014 samt Elvira og Frøya som flyttet inn høsten 2015. Desse fire hjarteknusarane er byrjinga på ei lita stamme av elg som skal bu her, og vi skal fylgje dei tett i månadene og åra som kjem.
Det er lagt stor vekt på at elgene skal få gode arealer å leve i. Det er rikelig med vatn, det er kupert og elgene har muligheter for å få fred når dei ynskjer det. 

Elgtun blir både ein spennande besøksstad og ei lærerik elgoppleving. Målsettinga er å verte den staden i Noreg som er best på formidling av kunnskap om elg. Difor vert alle aktivitetar utvikla med tanke på det viktigaste - ELG. 

Fôringstider på signal er ein del av treningsprogrammet, og det er mellom anna desse augneblinka publikum vil få ta del i. Dette er kl. 10, kl. 14 og kl. 17.
Ein vandretur i skogen kl. 12 for å hilse på elgane saman med ein av elgpassarane kan òg vere aktuelt.

I tillegg til å få helse på elgane tilbyr vi andre aktivitetar som utstilling, smykkeverkstad og natursti.

Elgtun er opent dagleg frå kl. 9 til 17 i perioden 1. juni til 20. september. 

Landeskogen i Bygland drives av Aktive Fredsreiser. Det monumentale bygningskomplekset huser i dag ei rekkje aktivitetar knytta til formålet til Aktve Fredsreiser. Det ligg i praktfulle omgjevnader nokre hundre meter frå riksvei 9 i Setesdal. Her er det stilt store område til disposisjon for Elgtun. 


  • Last Updated:
  • Source: Setesdal
Click to activate
Bygland, Norway
The latitude and longitude
58° 42' 34" N / 7° 49' 59" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad