Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Voss

Elvepadling med Kayak Voss

Book

Denne spennande aktiviteten tek deg med på eit morosamt eventyr nedover dei krystallklare, turkise vatna i Raundalselva i Voss. På denne naturskjønne reisa vil du læra dei grunnleggjande ferdigheitene som trengs for å trygt navigera og padla din eigen elvekajakk ned ein av dei vakraste elvestrekningane i Voss.

Vi byrjar med å gjera deg komfortabel i kajakken og i vatnet. Vi vil forklara dei mange eigenskapane til elva og læra deg korleis du kan bruke dei til å manøvrera kajakken din lettare. Du vil læra grunnleggjande teknikkar og padleferdigheitar som du treng for turen.

Du vil bli guida av ein av våre vennlege, erfarne og kvalifiserte instruktørar gjennom heile turen, som vil sikra di tryggleik til ei kvar tid. Du kan slappa av, nyta utsikta og kose deg med å padla nedover nokre artige stryk og større bølgjer.

Den delen av elva me skal padle er perfekt for nybyrjarar, og ingen tidlegare erfaring er påkrevd.

Vanskegrad: Lett
Aldersgrense: 14+
Erfaring: Ingen tidlegare erfaring påkrevd
Krav: Alle deltakarar må vera trygge og kapable svømmarar
Tidsramme: 3-4 timar

Inkludert: Instruksjon, utstyr og transport om nødvendig
Kva du bør ta med: Lett ull eller varmeplagg å ha under våtdrakta/tørrdrakta
Kva du ikkje bør ta med: Verdisaker som lommebøker, kamera, mobiltelefonar, briller eller solbriller.

Oppmøtestad: Voss Fallskjermklubb, Flyplassvegen 135
Tid: 10:00 eller 14:00
Pris: 1500 NOK

Vi vil gjera vårt beste for å gi deg nokre bilete frå turen din!!

Dersom du treng ytterlegare informasjon eller har spørsmål, ikkje nøl med å ta kontakt med oss:
kayakvoss@gmail.com
+47 46 29 79 37

Last updated: 01/03/2024

Source: Destinasjon Voss

Elvepadling med Kayak Voss

Book

Sider du nylig har besøkt