Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Voss

Elvepadling med Voss Elvesport

  • Vangsgata 45, Voss
  • +47 56516488
  •  /  km From You
Overview

Bli med på ein skikkeleg morosam dag på elvene på Voss. Med Voss Elvesport får du utfordra deg sjølv og lært det grunnleggjande for å ta skrittet inn i elvepadlinga si herlege verd.

Voss Elvesport tilbyr elvepadlekurs for nybyrjarar og vidarekomne. Dette passar både for deg som ynskjer å prøve elvepadling og lære det grunnleggjande, for vennegjengen som vil finne på noko spanande i helga eller som teambuildingsaktivitet.

Voss Elvesport skreddarsyr også kurs til deg med padleerfaring. 


Todagars nybyrjarkurs i elvepadling


I løpet av kurset lærer du grunnleggjande padleteknikk på elv. Du får opplæring i sikker atferd på elva, og masse moro! Kurset fører fram til våttkort i Norges padleforbund sin kurstige.


Vi startar dag ein på stille vatn og øver på å kome oss ut og inn av kajakken, inn og ut av bakevjer, trener på diverse padletak, traversering og litt om sikkerheit/utstyr. Dag to øver vi på det vi lærte første dag på roleg grad to elv.


Kurset passar for alle mellom 16 og 60 år som vil ha ei skikkeleg kjekk helg. Har du padla havkajakk tidlegare, vil du truleg læra teknikkar som du seinare kan bruke i havkajakken. Bedrifter kan ta eit elvepadlingskurs som teambuilding.


Dagskurs elvepadling


Denne dagen vert mykje lik dag ein på todagarskurset. Dagskurs på forespørsel. Pris kr 1500 pr pers v 3 eller fleire deltagere. Kr 1650,- pr pers 2 deltagere.


4 timers gøy for Lagbygging, vennegjeng , utdrikkingslag


4 timars innføring i elvepadling. Litt læring og best av alt mykje moro. Mykje brukt som lagbygging av bedrifter. Er de på hotell på Vossevangen, er det 4-5 minutt å gå bort til Voss Elvesport. Lett tilgjengeleg og eit friskt avbrekk i konferansen. Passer og godt for vennegjenger og utdrikningslag. Pris kr 1250,- pp Minimun 5 personer


Aldersgrense: 16 år


  • Last Updated:
  • Source: Destinasjon Voss AS
Click to activate
Voss, Norway
The latitude and longitude
60° 37' 44" N / 6° 25' 22" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad