Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)
Lom

Elveseter kunst- og kulturhotell

Bestill
Elveseter_Grim Berge
Elveseter ute
Elveseter primo juni 2012 17
Elveseter primo juni 2012 63
Elveseter primo juni 2012 111
Elveseter primo juni 2012 187
Elveseter primo juni 2012 190
Elveseter primo juni 2012 112
elveseter-rom-1

I naturskjøne Jotunheimen, like ved Sognefjellsvegen, ligg den gamle slektsgarden Elveseter, som har hatt besøk av turistar heilt sidan 1870-talet. I løpet av det siste århundret har garden gradvis blitt gjort om til eit av dei mest særeigne hotella i Noreg, med ei stor samling av unik kunst. 

Kvart hus og kvart rom har fått namn frå Norrøn mytologi, og det heile fortonar seg som ein gudeheim for æsar og jotnar. I hevd med gamal byggeskikk i Gudbrandsdalen er alle husa plassert rundt det vakre tunet, kor du òg vil finne Yggdrasil, "treet som ber Elveseter på sine røter".

Etter ein dag ute i vakre og ville Jotunheimen kan du slappe av i ei av stovene eller besøke Urdarbrunnen, hotellet sin bar, for å søke visdom og klarsyntheit, gjerne med eit påfølgande måltid i Valhall. 

Elveseter-familien har alltid hatt interesse for kunst, og gjennom generasjonar har hotellet opparbeidd seg ei unik samling av måleri og kunstgjenstandar. Eit besøk på Elveseter byr på ein kombinasjonen av unik kunst, gode måltid og storslått natur som du seint vil gløyme.




Kilde: Visit Jotunheimen AS

Elveseter kunst- og kulturhotell

Bestill

Sider du nylig har besøkt