Bøverdalen
Elveseter kunst- og kulturhotell
Elveseter kunst‑ og kulturhotell er eit særeiget hotell som ligg like ved Sognefjellsvegen i Lom. Interiøret er inspirert av norrøn mytologi - og hotellet husar ei heilt unik kunstsamling. Stutt veg til Jotunheimens høgfjell og brear.
Elveseter er opphaveleg ein gamal slektsgard som har tatt imot gjestar sidan 1870‑talet, og som nå blir dreve av 6. generasjon Elveseter. I løpet av det siste århundret har garden gradvis blitt gjort om til eit av dei mest særeigne hotella i Norge, med ei stor samling av unik kunst.
Kvart hus og kvart rom har fått namn frå Norrøn mytologi, og det heile fortonar seg som ein gudeheim for æsar og jotnar. I hevd med gamal byggeskikk i Gudbrandsdalen er alle husa plassert rundt det vakre tunet, kor du òg vil finne Yggdrasil, "treet som ber Elveseter på sine røter".
Etter ein dag ute i vakre og ville Jotunheimen kan du slappe av i ei av stovene eller besøke Urdarbrunnen, hotellet sin bar, for å søke visdom og klarsyntheit. I restauranten Valhall blir det servert tre-retters middag kvar dag, med fokus på lokale råvarer og viner frå små, berekraftige produsentar i Italia.
Elveseter-familien har alltid hatt interesse for kunst, og gjennom generasjonar har hotellet opparbeidd seg ei unik samling av måleri og kunstgjenstandar. Her finnes nasjonalromantiske malerier av Gustav Wentzel og Adolph Tiedemand, samt to utskårne skap av skogjeneralen «Skjak-Ola». Eit besøk på Elveseter byr på ein kombinasjonen av unik kunst, gode måltid og storslått natur som du seint vil gløyme.
Utanfor hotellet står den fascinerande Sagasøyla, ei 34 meter høg søyle med skulptur og relieffer påbegynt av billedkunstnaren Wilhelm Rasmussen på 1920-talet. Kunstverket vart fullført og reist ved Elveseter i 1992. Bileta på statuen viser Norge si historie frå slaget ved Hafrsfjord fram til landet fekk sin grunnlov på Eidsvoll. Ved foten av søyla finn vi kongerekka. Øverst troner ein rytterstatue av Harald Hårfagre, kongen som samla Norge til eit rike ved Hafrsfjord.
Elveseter er sesongope frå midten av mai til slutten av september, men tek ofte i mot grupper og arrangementer utanfor sesong, etter avtale.

Kilde: Visit Jotunheimen AS
Elveseter kunst- og kulturhotell