Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway

Fjord Norway Voss

Elvetur på SUP-brett

  • Evangervegen 16, Voss
  • +47 97087318
  •  /  km From You
Overview

Er du klar for å sjå elva frå eit heilt nytt perspektiv?

Er du klar for å sjå elva frå eit heilt nytt perspektiv? Bli med på elvetur på SUP-brett med Outdoor Norway!

Du finn oss rett ved Vangsvatnet, 50 meter framføre Fleischer's Hotel og 100 meter frå togstasjonen.

Me reiser til ein relativt enkel del av elva Vosso. Turen er likevel både kjekk og utfordrande, og du får flotte naturopplevingar på vegen. 

Me byrjar med ein SUP-introduksjon på Vangsvatnet der me lærer det grunnleggjande, før me reiser mot elva Vosso. Her vil du få padla nedover elva med guiden vår. Og kven veit, kanksje ser du ein laks eller to på vegen?

Guiden vil også ha instruksjon på land, slik at du får med deg erfaring som du kan nytta til seinare padleturar.

Ein perfekt sommaraktivitet, også på regnvêrsdagar!

DETALJAR

Sesong: Juni til september
Avgangar: 10:15 og 15:00 kvar dag
Minst to personar, maks åtte personar
Varigheit: 3 timar, inkludert transport og tid til å skifta. Kring 1,5 - 2 timar på sjølve SUP-brettet.

PRIS

Vaksen: 800 kroner
Born: 720 kroner
Familie: 2720 kroner (to vaskne og to born)

KRAV TIL DELTAKARAR

Må vera minst ti år
Må kunne symja
Må vera under 120 kilo
Må vera i normal fysisk form
Ver venleg å informera oss om tilstandar som astma, epilepsi, etc.

DETTE ER INKLUDERT

– Profesjonell guide på elva
– Utstyr av topp kvalitet
– SUP-brett
– SUP-padleåre
– Livvest
– Vasstett jakke
– Våtdrakt
– Transport til og frå elva

DETTE MÅ DU HA MED DEG

– Badetøy
– Ullundertøy om det er kaldt
– Fottøy som kan verta våte
– Kleskift
– Solkrem


  • Last Updated:
  • Source: Destinasjon Voss AS

Opening hours

1. juni 2020 – 30. sep. 2020
Daily
See All

Price

Description Price*
Voksen 800,00 1 dag
* Price from
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages