Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Auklandshamn

Emberlandsnipen

  • +47 53748000
  •  /  km From You
Overview

Det populære turmålet Emberlandsnipen (271 moh) kan nåast frå tre kantar. Frå Emberland (på vestsida)og Sætre (på austsida) tek turen omlag 1/2 time på til dels bratt sti. Nordfrå, med start frå Stølen i Auklandshamn, tek turen 1 – 2 timar gjennom flatare skogs- og utmarksterreng med nokre våte parti. Frå toppen er det flott utsikt over Bømlafjorden og vidt utsyn i alle retningar.

Tilkomst frå Sætre: Ta av frå E-39 ved Rød, følg vegen ca 2,5 km til Langavatnet. Parkering ved badeplass. Følg gardsvegen til Sætre på venstre sida av vegen, og ta av på sti til høgre.

Tilkomst frå Stølen: Parker ved butikken i Auklandshamn. Følg vegen gjennom byggjefeltet på Stølen til merka sti.

Tilkomst frå Emberland: Kjør mot Buavåg og ta av mot Åsbu/Emberland i kryss nord for fergekaien. Hald til høgre der vegen deler seg. Stien startar frå gardstunet på Emberland.

Rutene er teikna inn på turkartet for Sveio (2014). Skilta med startpunkttavle.


  • Last Updated:
  • Source: Destinasjon Haugesund & Haugalandet
Click to activate
Sveio, Norway
The latitude and longitude
59° 36' 2" N / 5° 23' 41" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad