Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Gaupne

Engjadalen - Heggdalsvatnet

  • +47 57671400
  •  /  km From You
Overview
Details
Meeting Facilities

Det første stykket går langs ein traktorveg på vestsida av elva framover dalen frå parkeringsplassen. Etter ei stutt vandring, kjem du over på merka sti fram mot DNT-hytta på Navarsete. Stien held fram vidare innover på vestsida av elva og kryssar denne like før Heggdalen, ein triveleg støl fremst i den frodige og grøne Engjadalen.

Frå Heggdalen er det nokså bratt opp til Heggdalsvatnet, der stien tidvis går heilt ute på kanten mot elvegjelet.


Det er på sin plass å åtvare mot dette partiet, særleg dersom det regnar eller er glatt av frost. Du kan med fordel gå av stien og inne ei rute nokre meter frå stupkanten.


Siste stykket går stien innunder nokre høge hamrar før du er oppe ved osen på Heggdalsvatnet. Innover og forbi vatnet ser du fjellområdet Stongfjellet og Fivlenosi og overgangen til Vigdalen.


Det er mogleg å gå ein annan veg attende til bilvegen. Vegen om Seljesete kryssar elva like under tredammen ved vassosen, og går vestover rett nord for Vorfjellet. Om litt hellar terrenget nedover, du passerer eit par blautmyrar og ser snart stølshusa på Seljesete. Frå stølen er det traktorveg sørover til Brunene, og vidare innover og nedover mot parkeringsplassen i Engjadalen.


Start: Engjadalen, Parkeringsplass
Kart (turkart): Breheimen


  • Last Updated:
  • Source: Visit Sognefjord AS

Generelt

Rabatt
  • Fjord Pass

Overnatting

Hotellfasiliteter
  • Valutaveksling

Utendørsaktiviteter

Aktiviteter
  • Vandring
  • Jakt og fiske
Sykling
  • Sykkelutleie
Fisking
  • Fiskekort påkrevd

Plenlegg reisen

Reiseinformasjon
  • Bussparkering
  • Parkering
Tjenester
  • Valutaveksling

Aktiviteter

Shopping
  • Smykker
  • Souvenirbutikker
Facility Info
  • Kopimaskin true
Click to activate
Luster, Norway
The latitude and longitude
61° 25' 2" N / 7° 19' 16" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad