Episenteret i Askvoll – Frå geologi til industri


Episenteret i Askvoll er ein viktig del av Fjordkysten Regional- og Geopark og gir ei innføring i både geologi og industri. I Askvoll kan du utforske landemerke som Alden og Brurastakken, og oppleve både vikinghistorie og ein rik kystkultur.
Besøkssenteret i Askvoll ligg i Stongfjorden. Her kan du lære meir om geologi og industrihistorie.
Episenteret i Askvoll er samlokalisert med Sunnfjord geoCenter, og har som hovudtema å formidle om geologi og industrihistorie.
Askvoll ligg på nordsida av Dalsfjorden og har ei rik vikinghistorie. I Rivedal står statuen av Ingolf Arnarson som grunnla den første busetjinga på Island i år 874.
Frå kommunesenteret Askvoll ser ein rett vest til Atløy som er nemnt mange gonger i Snorre-sagaen. Kommunen husar også det som i dag er Norges vestlegaste fiskerisamfunn, Bulandet og Værlandet, som endå er i drift; eit ynda besøksmål for øyhopping, sykling og fotturar. Her reiser det kjente landemerket Alden (481 moh) seg rett opp frå havet. Alden er eit av dei mest markante landemerka på kysten, på folkemunne kalla «Den Norske hest», og er eit særdeles populært turmål. Eit anna landemerke er det geologiske fenomenet «Brurastakken», eit fjell som visualiserer området sin geologiske arv på ein framifrå måte.
Kommunen har om lag 3.000 innbyggarar og har ei rik industrihistorie å vise fram, i tillegg til all aktivitet innan landbruk og fiske.
Opningstider for besøkssenteret i AskvollBesøkssenteret i Askvoll har same opningstider som Sunnfjord Geocenter. Følg med på facebook-sida til parken for meir informasjon.
- Familievennlig
Kilde: Visit FjordKysten og Sunnfjord
Episenteret i Askvoll – Frå geologi til industri