Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)
Hyllestad

Episenteret i Hyllestad – Historier hogd i stein

Hyllestad

Fjordkysten Regional- og Geopark inviterer deg til å utforske landskap og tradisjonar gjennom sine fem episenter. I Hyllestad får du lære om den eldgamle kvernsteinsproduksjonen og spennande vikinghistorie.

Besøkssenteret i Hyllestad er knytt til Kvernsteinsparken, og har kontor og lokaler i den gamle prestegarden i Hyllestad sentrum, ved siden av SPAR butikken. Her kan du lære meir om vikinghistorie og kvernstein.

Episenteret i Hyllestad har som hovudtema å formidle om kvernstein og vikinghistorie. I Episenteret er det planlagt både innandørs og utandørs utstilling med interaktiv formidling.

Hyllestad er kjend for sin omfattande produksjon av kvernstein, ein produksjon som truleg har føregått i meir enn tusen år.

Kvernsteinsparken i Hyllestad er eit spanande visningssenter for denne sjeldne historia. Det er utvikla ein modell for involvering av skulebarn i formidlinga av geologien og kvernsteinsproduksjonen; - som har blitt kjent som Hyllestadmodellen. Her må du ikkje gå glipp av ein fantastisk demonstrasjon av den eldgamle tradisjonen med kalksteinbrenning.

Skipsindustri, landbruk og sjøbruk har vore grunnlaget for den største sysselsettinga i kommunen, som har ca. 1300 innbyggarar.

Den spektakulære Lihesten er eit berømte landemerke på kysten og er truleg eit av dei mest fotograferte fjella i regionen.

For dei som likar friluftsliv har Hyllestad mykje å by på. Landskapet i Hyllestad er kupert og variert, med mange fjellnutar opp i 500 – 700 meters høgde. Risnesnipa mellom Åfjorden og Lifjorden er den høgste med sine 777 meter over havet. Det er ein del av Lihesten, som er eit fjellmassiv med bratte stup på dei fleste kantar.

Opningstider for besøkssenteret i Hyllestad

Per i dag er Besøkssenteret i Hyllestad lokalisert til den gamle prestegarden i sentrum av Hyllestad. Det har same opningstider som kvernsteinsparken. Følg med på facebook-sida til parken for meir informasjon.

Kilde: Visit FjordKysten og Sunnfjord

Episenteret i Hyllestad – Historier hogd i stein

Sider du nylig har besøkt