Stadlandet












Ytterst på Stadlandet, i ei vik, ligg bygda Ervik, kjent for ei av dei beste surfestrendene i Noreg.
Bygda er lita, men rommar mykje historie og aktivitetar. Ved sida av den flotte sandstranda finn du den særprega kyrkjegarden og minnekapellet etter ulukka med St. Svithun hausten 1943. Skipet vart angripen og senka av allierte jagarfly, og mange ervikarar risikerte livet for å redde passasjerane om bord.
I dag finn du alt frå eitt av dei største linebåtrederia i Noreg til veldrivne gardar.
Ervik byr òg på flotte turområde, som til dømes turen til Hovden, der du får vid utsikt over havet og det dramatiske landskapet på Stad.
Kilde: Nordfjord