Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Espevær

Espevær på Bømlo

Espevær er eit eineståande lite øysamfunn ute i havet, vest for Bømlo. Husa ligg tett i tett inne i sundet, i le for havråk og vindar og øya er bilfri!

Espevær er eit eineståande lite øysamfunn ute i havet, vest for Bømlo. Husa ligg tett i tett inne i sundet, i le for havråk og vinder. Tidlegare var Espevær det største fiskeværet i Bømlo, med opptil 30.000 fiskarar under storsildfisket i 1850-åra. Espevær byr på mange attraksjonar! Hummarparken vart bygd i 1887 og vart restaurert i 1994. Den er eit unikt kulturminne. Hummarparken er landets største og er i dag museum og akvarium. Ein kan få guida omvising og flåtetur i hallen med frittgåande hummar om sommaren.  Baadehuset gjev eit innblikk i den tida då Espevær var ein viktig del av sildefisket. Huset vart bygd i 1850 på gamle steinmurar frå 1690, og er i dag museum. Det er og butikk og kafé om sommaren.

Espevær er kjent for «Ufo-ringen», som vart oppdaga i 1975 og som framleis er like tydeleg. Turistar kan gå tur på Espevær og sjå på "Ufo - ringen". På Espevær kan du også reise med kabelferje. Kabelferja er konstruert ved Mæhles mekaniske verkstad på Baadeholmen. I 1978 vart ferja sett i drift over det 45 meter breie sundet mellom Baadeholmen og Garvika. Kabelferja har myntautomat og kostar 20 kr pr veg, og turen tek omlag to minutt.  Ferga kan nyttast heile døgnet, og det er plass til fire personar ombord.

Om sommaren har restauranten Gamleposten 5444 ope - ein serveringsstad med kortreiste smakar og gode historiar. 

Les meir om Espevær på www.visitespevaer.com   

Last updated: 01/29/2024

Source: Samarbeidsrådet for Sunnhordland

Espevær på Bømlo

Sider du nylig har besøkt