Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Overview

Espevær er eit eineståande lite øysamfunn ute i havet, vest for Bømlo. Husa ligg tett i tett inne i sundet, i le for havråk og vinder. Tidlegare var Espevær det største fiskeværet i Bømlo, med opptil 30.000 fiskarar under storsildfisket i 1850-åra.

Espevær byr på mange attraksjonar!

Espevær er kjent for «Ufo-ringen», som vart oppdaga i 1975 og som framleis er like tydeleg. Turistar kan gå tur på Espevær og sjå på "Ufo - ringen".

I tillegg finn du Hummarparken, som vart bygd i 1887, vart restaurert i 1994 og er eit unikt kulturminne. Hummarparken er landets største og er idag museum og akvarium. Ein kan få guida omvising og flåtetur i hallen med frittgåande hummar om sommaren. 

Baadehuset gjev eit innblikk i den tida då Espevær var ein viktig del av sildefisket. Huset vart bygd i 1850 på gamle steinmurar frå 1690, og er i dag museum. Det er og butikk og kafé om sommaren.

På Espevær kan du også reise med kabelferje.
Kabelferja er konstruert ved Mæhles mekaniske verkstad på Baadeholmen. I 1978 vart ferja sett i drift over det 45 meter breie sundet mellom Baadeholmen og Garvika. Kabelferja har myntautomat og kostar 20 kr pr veg, og turen tek omlag to minutt.  Ferga kan nyttast heile døgnet, og det er plass til fire personar ombord.


Les meir på www.visitespevaer.com


  • Last Updated:
  • Source: Samarbeidsrådet for Sunnhordland
Click to activate
Bømlo, Norway
The latitude and longitude
59° 35' 20" N / 5° 9' 4" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad