Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)
Ålesund

Eva Weel Skram: Falle til ro – ein julekonsert // Parken kulturhus i Ålesund

Bestill

Dei siste åra har Eva Weel Skram starta ein kjærkommen tradisjon med å spele julekonsertar, med alle sine julefavorittar i bagasjen.

Skram har gong på gong bevist at ho er ein meister på å tolke låtane til andre, og alle som har opplevd ein av julekonsertane hennar kan skriva under på at Eva og dei musikalske kumpanane hennar, meistrar å fletta saman tradisjonsrike julesongar med storslåtte julehittar på ein dynamisk, underhaldande og stemningsfull måte. Her er det duka for ein aften med smittande humør og musikalske perler på ei snor.

Ein av Evas første låtar med norsk tekst var «Selmas Sang», som var temalåten til NRK-serien «Snøfall». Songen har for lengst fått innpass i lista over nye norske
juleklassikarar, og har etter kvart fått følgja av «Falla til ro» som Eva skreiv til Netflix-suksessen «Heim til jul», og dessutan tolkingar av juleklassikarar som «No tennast tusen julelys» og «Romjulsdraum». Juleturneen «Falle til ro» strekkjer seg frå midten av november til to dagar før jul.

Velkommen!

Kilde: Ålesund & Sunnmøre

0

Eva Weel Skram: Falle til ro – ein julekonsert // Parken kulturhus i Ålesund

Bestill

Sider du nylig har besøkt