Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)
Fosnavåg

Eva Weel Skram "Falle til ro" - ein julekonsert // Fosnavåg konserthus

Bestill

Dei siste åra har Eva Weel Skram starta ein kjærkommen tradisjon med å spele julekonsertar, med alle sine julefavorittar i bagasjen.

Skram har gong på gong bevist at ho er ein meister til å tolke andre sine låtar, og alle som har opplevd ein av hennar julekonsertar kan skrive under på at Eva og hennar musikalske kumpanar, meistrar å flette saman tradisjonsrike julesongar med storslagne julehits på ein dynamisk, underholdande og stemningsfull måte. Her er det duka for ein aften med smittande humør og musikalske perler på ei snor.


Ein av Eva sine første låtar med norsk tekst var «Selmas Sang», som var temalåten til NRK-serien «Snøfall». Songen har for lengst fått innpass på lista over nye norske juleklassikarar, og har etter kvart fått følgje av «Falle til ro» som Eva skreiv til Netflix-suksessen «Hjem til jul», samt tolkingar av juleklassikarar som «Nå tennes tusen julelys» og «Romjulsdrøm».


Juleturneen «Falle til ro» strekkjer seg frå midten av november til to dagar før jul. Velkommen!

Kilde: Ålesund & Sunnmøre

0

Eva Weel Skram "Falle til ro" - ein julekonsert // Fosnavåg konserthus

Bestill

Sider du nylig har besøkt