Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)
Husnes

Evert Taube i ord og bilder

Konsert med Den gode melodi onsdag 27. september kl. 15.30 i Biblioteket Husnes.

Velkommen til eit gjensyn med Leif Blix og Lars Nygaard i duoen “Den gode melodi”. Sist dei besøkte oss var det med eit program om Alf Prøysen. Temaet denne gongen er den folkekjære artisten Evert Taube frå Sverige. Visediktaren er fødd i 1890, men framleis er det stadig nye artister som plukkar opp songene hans. Visene inneheld vakre kjærleikserklæringar, ikkje berre til kvinner, men til kystkultur, gastromnomi, eksotiske reisemål, musikk og menneskeskjebnar. På konserten vil du få høyre nokre av dei mest kjende songene hans, som “Rosa på ball”og “Så skimrande var aldrig havet”, men også mindre kjente viser som “Valpareiso” og “Kom i min famn”
Som vanleg er visene bunde saman med historia om hans liv og historiar frå hans liv.
Gratis og ope for alle.

Kilde: Samarbeidsrådet for Sunnhordland

0

Evert Taube i ord og bilder

Sider du nylig har besøkt