Sogndal

Explore Sogndal

  • Vandring Togga Sogndal
  • Besøk nettsiden

  • Besøk oss på Facebook

  • Besøk oss på Instagram

  • Send oss en epost

  • +47 41 63 99 64

  • Hodlekvevegen 240

    Sogndal, Vestland

    Vis i kart

Vi skal ut på tur, og du kan bli med. Med utgangspunkt i Sogndal, lager vi aktivitetsopplevelser for enkeltpersoner, grupper og bedrifter. Vi tilbyr kurs, turer, aktiviteter og utleie av utstyr.

Explore Sogndal held til ved Sogndal Skisenter, kort veg frå Sogndal i nydeleg natur.



Ynskjer du ein meir aktiv ferie, men på lavterskel nivå blir du med Explore Sogndal på tur.



Du kan velje mellom desse aktivitetane:



SUP-tur på Anestølsvatnet



Frå SUPen får du opplevd naturen på nært hald, og det er lite som er vakrare enn ein blikkstille dag på vatnet, omkransa av majestetiske fjell innerst i Sogndalsdalen.



Dette er ein lett tur på 4 timar og barn frå 8 år kan delta. Meir informasjon finn du her



Gåtur til Fagereggi



Dette er ein kort familietur på 3 timrar med moglegheit til fiske. Turen går slakt oppover til tregrensa, der fiskevatn ligg på rekke og rad og ventar på deg.



Meir informasjon om turen finn du her



Sykkeltur til Anestølen



Sykkeltur frå Sogndal Skisenter langs Dalavatnet og vidare til Anestølen. Turen er storsett flatt og går i lettsykla terreng på asfalt og god grusveg.



Turen tek ca 4 timar og er middels krevande. Anbefalt for barn frå 10 år. Meir informasjon finn du her



Gåtur til Tylderingen



Fottur til eit av dalens finaste utsiktspunkt som er Tylderingen. Dette er ein middels krevjande tur på ca 4 timar, anbefalt aldersgrense er 8 år.



Meir informasjon finn du her



Gåtur til gapahuken



Dette er ein lett tur til gapahuken der du får servert enkel mat med fin utsikt over Sogndalsdalen. Turen tek ca 3 timar og anbefalt aldersgrense er 6 år.



Meir informasjon finn du her


Kilde: Visit Sognefjord AS