Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)
Førde

Familiedag på sunnfjordmuseet

Sommaren er her, og det er klart for nye familiedagar på Sunnfjord Museum!

På familiedagane kan du vere med på aktivitetar i tunet og inne, og vi legg opp til læring og leik for heile familien.
Vi har omvisingar i tunet og/eller utstillinga som er tilpassa born og familiar.
20. juli kan du mellom anna prøve å lage konkledyr. Eine handverkaren vår planlegg ein spennande aktivitet og som vanlig kan du prøve å bære vatn og kverne korn, eller leike i tunet.
12.00 og 14.00 blir det familieomvisingar.
I utstillingssalen kan du sjå Livreddaren. Utstillinga tek føre seg treeinigheten mellom landskap, dyr og menneske. Gjennom fotografi, handverksprodukt og installasjonen Ullgloa blir du kjent både med sauen og ulla. Som del av utstillinga kan du prøve å karde og spinne, nålefilte og flette, for å bli enda betre kjent med materialet.
Museet er ope kvar dag i sommar med utstilling, butikk og enkel kafé med kioskvarer, kaffi og is.
Billettar:
Vaksne: kr. 110
Honnør/Student: Kr. 80
Barn 0-17 år: Gratis
NB! På dagar med arrangement ynskjer vi at alle som skal nytte seg av museumsområdet løyser billett.

Kilde: Visit FjordKysten

0

Familiedag på sunnfjordmuseet

Sider du nylig har besøkt